Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Kapittel 10 – Sakprosa frå 1850 til i dag

Klikk her for å laste ned fasiten.


Fasiter til oppsummeringsspørsmålene

Kapittel 10 – Sakprosa frå 1850 til i dag

1850–1900

1. Kvifor er den litterære sakprosaen viktig i den politiske og kulturelle utviklinga av Noreg i siste halvdel av 1800-talet?

I denne perioden var skriftmedium dei viktigaste kanalane for samfunnsdebatt og politiske ytringar. Alle dei sentrale politiske stridsemna vart diskuterte i aviser, tidsskrift, magasin og bøker. Sakprosaen var derfor avgjerande viktig for demokrati-utviklinga og moderniseringa.

2. Kva var kjernen i Camilla Colletts essay og artiklar?

Kjernen var kvinneperspektiv på politiske, sosiale og økonomiske forhold: kvinna si rolle og kvinner sine rettar i samfunnet.

3. Kvifor provoserte Aasmund Olavsson Vinje så mange av dei som hadde politisk og kulturell makt i Noreg?

Vinje brukte eit folkeleg språk (det nye landsmålet) i tekstar som drøfta kulturelle emne og politiske tema.

4. Kva likskapar ser du mellom arbeidsmåtane til Eilert Sundt og Ivar Aasen?

Begge reiste landet rundt og samla informasjon og kunnskap, som så blei grunnlag for vitskaplege arbeid.


1900–1960

1. Nemn årsaker til at sakprosaen styrkte stillinga si i denne perioden.

Skriftmedia som bøker, aviser, tidskrift og magasin når ut til stadig fleire lesarar, og i løpet av desse tiåra opplever folk i Noreg ei rekke konfliktar og storhendingar som aukar interessa hos lesarane for informasjon og nyhende av alle slag. Mellomkrigstida er ei tid med sterke sosiale, økonomiske og kulturelle motsetnader i landet, som også vert formidla gjennom sakprosa i alle sjangrar.

2. Kva var Katti Anker Møllers hovudbodskapar i bøker og føredrag?

Bodskapane var fridom frå undertrykking, og at kvinna sjølve måtte bestemme over eigen kropp.

3. Kva handla «Helvetesdebatten» om?

«Helvetesdebatten» var ein debatt som vart utløyst av ein radioandakt Ole Hallebye heldt i 1953. Den hadde som hovudtema: Finst det eit helvete?

4. Kva for fellestrekk gjer at vi kan kalle både Lise Lindbæk og Åse Gruda Skard for pionerar?

Begge var føregangskvinner på område der kvinner før hadde vore usynlege: krigsjournalistikk og den nye vitskapen psykologi. Begge var sentrale stemmer i samtidsdebattar.



1960 til i dag

1. Kvifor set vi eit skilje i mediehistoria i 1960?

Fjernsynet kjem til Noreg.

2. Kva fellestrekk finn du ved dei tre nynorske essayistane Skjervheim, Hellesnes og Skirbekk?

Alle tre er internasjonalt kjende filosofar som skriv på nynorsk og har bidrege til utviklinga av nynorsk essaystikk.

3. Kva var kjernen i Jens Bjørneboes essay og artiklar?

Kjernen var ei antiautoritær haldning.

4. Kvifor fekk Åsne Seierstad så mykje kritikk for Bokhandleren i Kabul?

Ho brukte skjønnlitterære verkemiddel i sakprosa, mellom anna allvitande forteljar som fortel om tankar og kjensler hos dei (faktiske) personane ho skildra.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn