Kapittel 8 – Språk i kontakt
Klikk her for å laste ned fasiten.
Fasiter til oppsummeringsspørsmålene
Kapittel 8 – Språk i kontakt
- Nemn minst to eksempel på andre land som har fleire gjensidig forståelege språk.
India (hindi og urdu) og Ukraina (ukrainsk og russisk) er eksempel på land som har gjensidig forståelege språk. Mange vil også meine at fleire av dei spanske språka er gjensidig forståelege. - Kva er eit standardtalemål?
Eit standardtalemål er ei språkleg norm for korleis ein skal uttale ord og setningar i eit språk. Standardtalemålet har gjerne ein «heimstad», altså ein by eller eit område der det er den lokale dialekten, men det er samtidig overregionalt og kan høyrast i alle deler av landet. - Når fekk dialektane høgare status? Kvifor fekk dei det?
På 1970-talet fekk dialektane høgare status i Noreg. Dette heng saman med dei politiske forholda på denne tida, då venstresida vaks fram med folkelege protestrørsler mot for eksempel NATO og EU (EEC). Viser, ofte på dialekt, var ein del av våpna i denne klassekampen. - Nemn eit språk som bruker etymologisk skrivemåte.
Engelsk og dansk er språk som brukar etymologisk skrivemåte, altså som legg vekt på opphavet til ordet, meir enn på uttalen av ordet. - Nemn eit språk som bruker ortofon skrivemåte.
Finsk er eit språk som i sin skrivemåte legg meir vekt på uttalen enn på opphavet til ordet. - Forklar kva hovudformer og sideformer var.
Tidlegare skilde ein mellom hovudformer (for eksempel snø) og sideformer (sne) i rettskrivinga. Hovudformene var dei som skulle brukast i all offentleg språkbruk og i lærebøker. Privatpersonar kunne likevel bruke sideformene i sine private tekstar. - Korleis stiller bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar seg til valfridomen i språket?
Valfridom har alltid vore omdiskutert, men generelt kan ein seie han har vore større og meir akseptert blant nynorskbrukarar enn blant bokmålsbrukarar. Valfridomen gjorde det mogeleg for mange nynorskbrukarar å legge skriftspråket nærare opp til talespråket, noko mange såg på som verdifullt. Dei som er mot valfridom, vil legge vekt på at det gjer norma i språket mindre einsarta og vanskelegare å lære. Til ei viss grad handlar det også om å ikkje ville akseptere andre språklege former enn dei ein sjølv brukar. - Kvar finn ein høgtone og lågtome?
Høgtone, altså at intonasjonen av orda startar høgt og sluttar lågt, finn ein på Vestlandet og i Nord-Noreg. Lågtone, altså at intonasjonen av orda startar lågt og sluttar høgt, finn ein på Austlandet og i Trøndelag.
- Kvar plasserer ein verbet i norske utsegner?
I utsegner er verbalet alltid plassert på 2.-plass i setninga. - Kva er samanhengen mellom ordstilling og det grammatiske fenomenet kasus?
I språk som har kasus, er ofte ordstillinga friare. Dette kjem av at kasuset viser kva for funksjon det enkelte ordet har i setninga (om det er subjekt eller objekt osv.), og då treng ein ikkje faste plassar for dei ulike setningsledda. I norsk, der vi ikkje har kasus, må vi ha strengare reglar for kvar eit subjekt kan stå og kvar eit verbal kan stå, slik at det blir lett å forstå setninga.
- Kva for restar av kasus finn vi i norsk?
I norsk finn vi restar i av kasus i pronomenbøyinga, der vi skil mellom subjektsform (eg) og objektsform (meg). I tillegg har vi stivna former av genitiv i uttrykk som til lands, til bords, til sengs osv. Enkelte dialektar har også (restar av) dativ i substantiv og pronomen. - Forklar kva sterke og svake verb er.
Sterke verb er verb som ikkje har noko ending i preteritum: eg et, åt, har ete. Bøyinga av desse orda skjer ved vokalveksling inne i ordet. Svake verb er verb som treng ei ending for å bli bøygde i presens, preteritum og perfektum: eg bruker, brukte, har brukt (endinga –te i preteritum). - Kva er eit pro-drop-språk?
Eit pro-drop-språk er språk der ein ikkje treng å nemne subjektet i setninga. Det går fram av verbalet kven eller kva som er subjektet i setninga. Spansk er eit pro-drop-språk. - Kva er purisme?
Purisme betyr at ein prøver å unngå utanlandske ord i språket. Det landet som er mest kjend for purisme, er Island. Der finn ein islandske avløysarord for dei utanlandske lånorda.