Film: Nordiske språk – «Gode naboer»
Sjå filmen og gjer oppgåvene under.
Spørsmål:
- Norden er eit språkleg fellesskap med 20 millionar menneske, vert det sagt i filmen. Lag ei liste over positive sider ved eit slikt fellesskap.
- Kva kan gjerast for å gjere det nordiske fellesskapet sterkare?
- Språk er meir enn berre ord og skrift, seier Sandra. Kva vil du seie er det viktigaste «meir» for ein ungdom i dag?
- Kva kjenneteiknar den globale ungdomskulturen som vert diskutert i filmen? Kva positive og negative sider har ein slik sterk global ungdomskultur?
- Kva er felles for språksituasjonen dei tre ungdommane lever i?