Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Kapittel 4 – Verdiar og forteljemåte i folkedikting …

1. Gjer greie for tre ulike måtar å lese litteratur på og kva dei kan brukast til.

Tekstorientert lesemåte: Denne lesemåten fokuserer på korleis teksten er skriven, ma. kven som er forteljar, kva for språklege verkemiddel som er brukt, korleis spenninga er bygd opp osv. Ved å studere strukturane i teksten, kjem ein fram til kva som er tema og bodskap i teksten. I ein slik (reindyrka) lesemåte ser ein vekk frå korleis teksten kan ha blitt prega av si eiga samtid, av forfattaren sitt liv osv. Ved å bruke ein slik lesemåte kan ein sjå likskapar og forskjellar mellom korleis tekstar er fortalt og bygd opp, og korleis desse forteljemåtane skaper meining i teksten.
Kontekstorientert lesemåte: Denne lesemåten fokuserer på at teksten er eit resultat av konteksten, altså den tida då han vart skriven og eventuelt andre forhold rundt den aktuelle teksten. I ein tekst finn ein spor av tankar, haldningar og verdiar frå den tida då han vart til. Kunnskapen om konteksten blir viktig for å forstå sjølve teksten. Denne lesemåten er nyttig når ein vil finne ut kva ein tekst formidlar av verdiar og haldningar.
Forfattarorientert lesemåte: Denne lesemåten ser på teksten som eit resultat av forfattaren sitt liv og forfattarens tankar og meiningar. Når ein les forfattarorientert, ser ein etter spor i teksten som kan stamme frå forfattaren sitt eige liv, og korleis forfattaren sine erfaringar har prega teksten. Ein leitar gjerne etter kva for intensjon forfattaren hadde med teksten. Dersom ein les forfattarorientert, vil det vere vanskeleg å forstå teksten dersom ein har liten kunnskap om forfattaren. Og motsett: Teksten får meir meining når ein har mykje kunnskap om forfattaren. Denne lesemåten kan vere nyttig når ein studerer tekstar i eit litteraturhistorisk perspektiv.

2. Kva for undersjangrar finst innan folkedikting, og kva kjenneteiknar desse?

Folkediktinga har tre hovudsjangerar som vi fokuserer på i norskfaget, nemleg eventyr, segner og folkviser:
Eventyr: Framstiller ofte eit fantasi-univers som ikkje er realistisk, og det er ikkje knytt til ei spesiell tid eller ein spesiell stad. Eventyra er ein svært fast sjanger med «lover», slik som tretalslova, tvillinglova, lova om bakvekt osv. Moralen i eventyra er som regel at den som vågar, han vinn, sjølv om utgangspunktet er dårleg. Askeladden er ein typisk eventyrfigur!
Segner: Framstiller eit realistisk univers og hevdar at det dei formidlar, er sant. Vi møter ofte overnaturlege vesen her, av heilt annan karakter enn dei som finst i eventyra. I segnene er møtet med desse vesena risikabelt, ofte går det ikkje bra med menneska som har møtt dei overnaturlege vesena. Segnene formidlar tydelege haldningar og verdiar: «Dette er straffa dersom du bryt reglane.» osv.
Folkeviser: Det finst mange ulike folkeviser, som stev, lokk, voggeviser mm., men balladane står i ei særstilling. Dette er episke viser, altså viser som har ei handling. Balladane har ei fast form, med mellomstev eller etterstev, som ofte avslører at dei opprinneleg var danseviser. Det universet ei møter i balladane, kan minne mykje om segn-universet, med fleire av dei same overnaturlege fenomena og dei same verdiane. Men balladane har også ein særeigen estetisk kvalitet ettersom dei er samansette av både ord og tonarset ein fornuft og vitskap i sentrum, fordi det gjer menneska opplyste.

3. Nemn nokre fellestrekk ved dei ulike sjangrane innan folkediktinga.

Eit fellestrekk mellom eventyr, segner og folkeviser, er at dei alle formidlar tydlege verdiar. Alle desse sjangrane (men spesielt eventyr og segner) blei brukt i oppdraginga av barn, men på ulik måte. Eventyra formidlar ein positiv bodskap for å oppmuntre barn til å overvinne motgang, medan segnene formidlar kva for normer og reglar som gjeld i samfunnet,og kva som skjer med ein om ein bryt desse normene.
Segner og balladar har visse likskapar når det gjeld kva for univers dei presenterer. Vi ser f.eks. at det finst naturmytiske balladar og segner, historiske balladar og segner mm. Dei verdiane som blir formidla av segner og balladar, kan difor ha visse likskapar

4. Forklar kva ein ballade er.

Ein ballade er ei folkevise som fortel ei historie (episk folkevise). Namnet ballade kjem av verbet for å danse i latinske språk (spansk: bailar), og vi reknar med at dei har blitt brukt som danseviser i mellomalderen. Vi ser også spor av dette i mellom- og ettersteva, som f.eks. «På vollen dansar mi jomfru». Balladane har opphavet ditt i riddarkulturen i mellomeuropa, og var ein populær (og produktiv) sjanger i Noreg fram til 1800-talet.

5. Teikn aktantmodellen slik du hugsar han. Gå tilbake i boka, og sjekk om du har fått det til korrekt.

Sjå s. 119 i boka.

6. Forklar kva dei episke lovene i eventyra er.

Eventyrlovene (sjå s. 118 i boka) er reglar for korleis eit eventyr skal byggast opp. Eventyret er kanskje den strengaste sjangeren vi har, når vi ser på kva for reglar vi finn her. Dei episke lovene gjer det lett å kjenne att eventyrsjangeren når vi møter han, og vi veit dermed også at vi ikkje skal forstå innhaldet i eventyra heilt bokstavleg. Som ein overordna regel kan vi seie at alt det overflødige er skrelt vekk i eit eventyr. Tilbake står dei viktigaste personane (som alle har ein tydeleg funksjon i handlinga) og rein handling. Vi finn ikkje skildringar og svært få bipersonar. For å gjere handlinga enkel, er det berre to personar med i kvar scene, og eventyra er alltid fortalt kronologisk. Vi finn alltid tydelege kontrastar mellom personane, slik at det er lett å forstå kven som er god og kven som er vond. Og eit eventyr endar alltid godt.

7. Kva er skilnaden mellom eit eventyr og ei segn?

Skilnaden mellom eit eventyr og ei segn:
  • Eventyret er ikkje knytt til tid og stad, segna er alltid knytt til tid og stad. Dette gjer segna truverdig og «verkeleg».
  • Eventyret presenterer eit fantasiunivers med prinsesser, troll og talande dyr, og der vande roller blir snudd på hovudet: Maktmenneske er dumme, medan fattige gutar er smarte og overvinn alle farar. Segnene presenterer derimot eit realistisk univers, der det å bryte med normene har negative konsekvensar.
  • Dei overnaturlege vesena vi møter i segnene, er ikkje dei same som i eventyra.
  • Segnene har mykje friare former enn eventyra.

8. Kva kan segnene fortelje oss om si samtid?

Segnene formidlar haldningar og verdiar i den tida då dei vart fortalde. I naturmytiske segner får ein fortalt kva som skjer om ein utfordrar dei underjordiske. Dei underjordiske representerte mange ulike farar, som f.eks. nøkken i vatnet. Dette var ein måte å lære barn å halde seg unna vatn. Andre underjordiske er skapningar som ein må blidgjere, slik som f.eks. fjøsnissen. Dette seier oss noko om at respekt er ein viktig verdi. Andre segner fortel oss om handlingar vi må halde oss borte frå, for elles ventar det ei straff i etterlivet. Utburden er gjenferdet til eit udøypt barn, og vissheita om at eit udøypt barn fekk ein slik skjebne, kunne vera eit middel for at jenter var seksuelt fråhaldande. Deildegasten er eit anna gjenferd som skulle skreme menneska frå visse handlingar. Også historiske segner kan fortelje oss om verdiar. I segna om Meistar-Jo blir kvinna framstilt som vond og umoralsk, noko som passa godt med maktforholda i samtida, der mannen var det eintydige overhovudet i både samfunn og familie. I verkelegheita var det omvendt: Den stakkar kona til Meistar-Jo var det eigentlege offeret, men dette var ikkje ein verdi som kunne/burde formidlast, og segna vender difor verkelegheita på hovudet.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn