Kapittel 12 – Språkhistoria frå 1900 til i dag
Klikk her for å laste ned fasiten.
Fasiter til oppsummeringsspørsmålene
Kapittel 12 – Språkhistoria frå 1900 til i dag
1. Kva for politiske straumar er det som pregar første del av 1900-talet? Kvifor vinn nynorsken så mange nye brukarar tidleg på 1900-talet
Høgre er borgarskapet og dei konservative sitt parti. Dei har den største veljargruppa si i byane, der «den dannede dagligtale» er idealet. Høgre er difor garantist for riksmålet (seinare bokmålet)
Venstre sine veljarar høyrde heime på bygdene og i liberale bymiljø. Dei gjekk inn for landsmålet, men etter kvart vart dei også for samnorsktanken.
Arbeidarpartiet er det nye partiet på arenaen. Veljarane deira er den veksande arbeidarklassen. Når partiet etter kvart engasjerer seg i språksaka, går dei inn for samnorsken. Gjennom «folkemålet» meinte ein at arbeidarklassen skulle vinne fram både kulturelt og økonomisk.
Årsaka til at nynorsken vann fram på starten av hundreåret, var dei nasjonale straumane som voks fram med opphevinga av unionen med Sverige. I tillegg kom det fleire språkreformer på denne tida, noko som gjorde at skulane måtte skifte ut skulebøkene. Då vart det enklare å skifte til landsmål.
2. Kva for faktorar kan forklare tilbakegangen for nynorsken?
Den andre verdskrigen spelte også ei rolle for nynorsken. Ordet «nasjonal» var før krigen eintydig positivt, og gjerne knytt til nynorsken og tradisjonelle verdiar. Nazistane øydela ordet «nasjonal», det hadde no andre konnotasjonar enn tidlegare. Kampen mot nazistane hadde også vist at språkspørsmålet ikkje var avgjerande for om ein var ein «god nordmann» eller ikkje.
Etter krigen har det skjedd ei stor fråflytting frå bygdene og inn mot byane. Dermed vart mange nynorske skulekrinsar nedlagde, og dei nye skulane har blitt bygde i bokmålsområde. For nynorsken klarte ikkje å bli eit urbant språk. I møtet med byborgarane vart til dei tilflyttande nynorskbrukarane i dei fleste tilfelle til bokmålsbrukarar.
3. Noter viktige fakta om nynorskbruk i dag.
4. I dette kapittelet bruker vi som eksempel at soli og solen skal bli til sola. Forklar med dine eigne ord korleis eksempelet kan nyttast til å illustrere samnorsktanken.
5. Kvifor vann samnorsktanken fram tidleg på 1900-talet? Kven var for og kven var mot samnorsken?
For Arbeidarpartiet var det viktig å heve statusen på arbeidarane sitt språk, det såkalla «folkemålet». Folkeopplysning på arbeidaren sitt eige språk ville gjere det enklare for arbeidarane å nå fram til både danning og makt. Venstre argumenterte ut frå eit anna syn, nemleg den såkalla tonasjonslæra. Partiet meinte at vi måtte ta vare på både den danske kulturen og den norske kulturen. Kulturpåverknaden frå Danmark hadde vi hatt i 400 år, og denne kulturen var meir utvikla og sofistikert enn den norske. Den norske kulturen på si side var autentisk norsk og ekte. Samnorsken var eit forsøk på å smelte saman desse to ulike kulturane.
6. Kva var hovudtrekka i 1917-reforma? Korleis var reaksjonane?
- Innføring av dobbel konsonant i slutten av ord: null
- Bortfall av d i slutten av ord: mand → mann
- Innføring av harde konsonantar: mad → mat
- Bortfall av d: lid → li
7. Set opp di eiga oversikt over dei viktigaste endringane i 1938-reforma.
Fjelli, dyri
Fjellene, dyrene |
→ dyra, fjella |
Soli, bygdi, boki Solen, bygden, boken |
→ sola, bygda, boka |
Landsmål:
Visor → viser
Riksmål:
Mig, dig, sig → meg, deg, seg
Ben, løv, snø, efter, sprog → bein, lauv, snø, etter, språk
8. Kva var reaksjonane på 1938-reforma? Kvifor kom dei så seint?
Reaksjonane frå riksmåls-/bokmålssida var størst. Arnulf Øverland var den tydelegaste stemma i debatten, og han reagerte sterkt på alle dei obligatoriske a-endingane og ord som språk, etter og snø. Særleg sterk var motstanden i Oslo, der skulestyret hadde vedteke at skulebøkene skulle ha berre radikale former. Foreldrene organserte seg og korrigerte språket i skulebøkene. Motstanden blant nynorskbrukarar var mindre, men også der var det mange som meinte at nynorsken misste identiteten sin når avstanden til bokmålet vart mindre.
9. Når døydde eigentleg samnorsktanken? Gjer greie for denne prosessen.
10. Korleis påverkar engelsk det norske språket i dag?
Ein del engelske ord påverkar også måten vi formuelerer setningar på, ettersom vi låner heile fraser frå engelsk. Eit eksempel er uttrykket «det suger» (it sucks). Verbet suge kan eigentleg ikkje stå åleine utan eit adverbial. Vi ser også at enkelte engelske lånord beheld den engelske uttalen i dag, noko som ikkje var vanleg før. Orda streik og tøff har fått ein fornorska uttale, medan ord som nice og scary beheld den engelske.