Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Kapittel 7 – Etisk realisme og modernisme – 1905 til 1940

Klikk her for å laste ned fasiten.


Fasiter til oppsummeringsspørsmålene

Kapittel 7 – Etisk realisme og modernisme – 1905 til 1940

1. Forklar kva eit etisk dilemma er.

Eit etisk dilemma er ein situasjon der nokon må velje mellom ulike omsyn, og der fleire val kan vere rette på ulike måtar. Eit eksempel på eit etisk dilemma kan være når ein må velje mellom å såre ein ven ved å seie sanninga, eller å ljuge for å beskytte kjenslene hans/hennar. Da må en velje mellom det etiske valet «snakke sant» og det etiske valet «ikkje såre».

2. Kva for historiske hendingar var viktige mellom 1905 og 1940?

Det skjedde mykje historisk viktig i denne perioden. Ein bør kjenne til fleire av dei som er lista opp under:
  • stemmerett for kvinner i 1913
  • unionsoppløysinga i 1905
  • den økonomiske verdskrisa etter børskrakket i 1929
  • den spanske borgarkrigen
  • Hitler si maktoppbygging i Tyskland på 1930-talet
  • utvandringa til Amerika
  • framveksten av byar rundt ny industri
  • første verdskrigen 1914–1918

3. Forklar med dine eigne ord kva heimstaddikting er.

Svaret bør vise at du forstår at heimstaddiktinga var oppteken av det lokale, og historiske: slekta og lokalsamfunnet.

4. Skriv ned stikkord du hugsar om forfattaren Olav Duun, Juvikfolke og Medmenneske.

Du kan nemne: Namdalen, 1907-generasjonen, Odin Sætran, liv/død, etiske val, historie mot samtid, slekt og historie, den sterke leiaren, rett og gale.

5. Forklar skilnadene mellom det Sigrid Undset, Cora Sandel og Halldis Moren Vesaas seier om kvinnerolla.

Undset: rolla som mor og kone er viktig, plikten går framfor eigne ønskjer.
Sandel: skildrar kvinner som mistrivst i husmorrolla, vil at kvinner skal vere friare til å velje sin eigen lagnad (skjebne).
Moren Vesaas: fokuserer på at morsrolla og kvinnerolla kan gi rom for eiga utvikling.

6. På kva for måtar fekk kvinner og kvinnesak ei viktig rolle i litteraturen og samfunnsdebatten i denne perioden?

Samfunnsendringane og arbeidet til kvinnesaksforkjemparane gav kvinner nye moglegheiter til å delta på fleire arenaer. Mellom anna blei fleire kvinner viktige, og leste. Dei var forfattarar som skreiv om tema som var viktige for kvinner, og om andre tema, med eit kvinneperspektiv. Også i samfunnsdebatten fekk kvinner i aukande grad innpass.

7. Forklar kort kva sentrallyrikk og kamplyrikk er.

Sentrallyrikk er dikting/poesi som handlar om «evige» tema i litteraturen, som kjærleik og sakn, naturen, livet og døden. Omgrepet er ikkje knytt spesielt til denne perioden. Kamplyrikk er dikting som tar opp sosiale, militære og kulturelle konfliktar. Ofte er bodskapen enkel og tydeleg: ei oppmoding om å kjempe for ei sak eller ei meining. Dikta har gjerne ei tradisjonell form med tydeleg rytme. Dei vert ofte sette som motsetnad til dei modernistiske dikta, som ofte er komplekse, filosofiske og ubundne i forma.

8. Skriv ned stikkord du hugsar om modernismen.

Du kan gjerne ha med moment som sjangerbrot, nye verkemiddel, fri form, stream of consciousness, kontrastar mellom by/natur, framandgjering, bruk av klisjear på ein ny måte, uklar/upåliteleg forteljar, tungsinn, desillusjon, nysgjerrigheit, kompleksitet, bilderikdom, eksistensielle tema og individualitet.

9. Forklar skilnaden mellom modernismen til Kristofer Uppdal og Rolf Jacobsen, slik du hugsar han.

Uppdal skreiv «råare» med sterke bilete, stor intensitet og inderleg kraft. Fokuset låg på samspelet mellom enkeltmennesket og naturen, eksistensialisme. Han nytta dessutan sin eigen dialekt i stor grad.
Jakobsen fokuserte på sambandet mellom teknologi og natur, nytt og gammalt. Forma er fri og språket er eit ganske standard bokmål.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn