1. Kva var hovudinnhaldet i og bakgrunnen for Christian Tybring-Gjedde sine spørsmål til kulturminister Hadia Tajik?
Hovudinnhaldet: Kva er / kjenneteiknar norsk kultur? I kva grad er det viktig å verne norsk kultur og norske tradisjonar?
Bakgrunn: auka innvandring til Noreg.
2. Lag ei kort oppsummering av kva som blei oppfatta som typisk norske eigenskapar på 1700-talet.
Nordmenn var hardføre, tøffe, sjølvstendige.
3. Skriv fem stikkord som karakteriserer Gerhard Schønings forfattarskap.
Historikar, klimateorien, hardføre nordmenn, friluftsliv og idrett er typisk norske aktivitetar.
4. Kva er innhaldet i den såkalla klimateorien?
Det er samanheng mellom natur og folk, land og lynne.
5. Gje nokre døme på norsk patriotisme frå 1700-talet.
Diktarane i Norske Selskap (som Brun og Frimann), innsamling av historisk materiale, historisk-topografiske avhandlingar.
6. Kva folkegrupper nemner Grunnlova av 1814 som uønskte i Noreg?
Jødar, munkar, jesuittar
7. Kva meinest med politisk nasjonsbygging?
Utvikle politiske institusjonar, bygge vegar, skular, jernbane
8. Kva meinest med kulturell nasjonsbygging?
Skape ei felles oppfatning av kva som er norsk kultur: litteratur, folkeminne, språk, historie.
9. Nemn nokre viktige fag / vitskapar som var viktige i nasjonsbygginga på 1800-talet?
Historie, folkeminne, språkvitskap
10. Kvifor tok ikkje Asbjørnsen og Moe med alle eventyra dei fann i dei trykte samlingane sine?
Det var ikkje alt som var sømeleg nok / god nok moral i når ein skulle bygge opp ein norsk kultur. Det passa seg ikkje med bannord og skildringar av erotikk når ein skulle få fram gode, positive eigenskapar.
11. Nemn nokre norske kunstnarar som har prega oppfatninga av kva som er typisk norsk heilt fram til i dag.
Bjørnson, Ibsen, Aasen, Tidemann og Gude, J. C. Dahl, Knud Knudsen (fotografen), Vinje, Welhaven mfl.
12. Forklar kort kva det betyr at den norske naturen endra seg frå å vere villmark til å bli eit sentralt nasjonalt symbol.
Tidleg på 1800-talet vart naturen sett på som vill, som kaos. Naturen var ein stad der ein måtte slite for føda. Med fotturisme og «oppdaging» av fjellheimen vart naturen vakker og symbol på det norske. Det utvikla seg eit nytt «blikk» på naturen. Byfolk og turistar såg annleis på landskapet enn bøndene som hadde sitt daglege slit der. Naturen vart uttrykk for noko norsk, t.d. heilt annleis enn i Danmark.
13. Kva betydning har Eilert Sundt i norsk vitskaps-historie?
Han er Noregs første sosiolog, samla inn opplysningar om norske forhold som viste at levevilkåra i norske byar og bygder ikkje var slik dei romantiske skildringane hadde formidla. Tvert om: Sundt fann både umoral, skitt og fyll.
14. Nemn nokre hendingar og personar frå 1900-talet som har vore med på å forme kva vi oppfattar som typisk norsk.
OL på Lillehammer i 1994, skiløparar og andre idrettsfok, oppdagarar som Amundsen og Nansen, Thor Heyerdahl, tv-program som «Hurtigruten – minutt for minutt» og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» m.m.