Rettskrivingslov og samnorsk (filmlenke)
Sjå klippet på NRK Skole (03:14).
Noter stikkord medan du ser på klippet.
Spørsmål:
- Når kom a-endingane inn i bokmålet?
- Og kva var reaksjonane?
- Forklar kva Foreldreaksjonen mot samnorsk var.
- Kva er hovudsynspunktet til Arnulf Øverland? Korleis argumenterer han for synet sitt?
- I kva for språkreform vart det igjen lov å skrive boken osv.?
Diskuter og skriv:
- Er det flest fordelar eller ulemper med valfridom i språket? Kva meiner professor Vinje? Kva meiner du?
- Skriv eit kort blogginnlegg der du anten sukkar over valfridom, eller jublar over det. Prøv å finne eit konkret døme du kan ta utgangspunkt i, og finn språklege verkemiddel som gjer teksten din engasjerande.