I eit nøtteskal
Folkedikting er litteratur som er munnleg overlevert, og som ikkje har ein kjend forfattar. Det finst både gammal og ny folkedikting. Fram til 1800-talet levde eventyr og segner i munnleg tradisjon. Folkediktinga kan, gjen nom ein kontekstorientert lesemåte, seie oss mykje om verdiar og haldningar i si sam tid. Vi ser at mytar, folkedikting og moderne tekstar også har mange fellestrekk i behandlinga av store tema, slik som kvinnesyn og kampen mellom det gode og det vonde. Men vi ser også at behandlinga av desse temaa er påverka av tida dei blei til i.
Gjennom å studere oppbygging og forteljemåte i tekstar, alt så ein tekstorientert lesemåte, ser ein at det er mange fellestrekk mellom gamle og nye tekstar. Aktantmodellen synleggjer konflikten og handlinga i ein tekst. Dei fleste spenningstekstar, både mytar og Holly wood-filmar, bruker nokså like former for spenningsoppbygging, som liknar på dette.
Har du forstått kapittelet?
- Gjer greie for tre ulike måtar å lese litteratur på og kva dei kan brukast til.
- Kva for undersjangrar finst innan folkedikting, og kva kjenneteiknar desse?
- Nemn nokre fellestrekk ved dei ulike sjangrane innan folkediktinga.
- Forklar kva ein ballade er.
- Teikn aktantmodellen slik du hugsar han. Gå tilbake i boka, og sjekk om du har fått det til korrekt.
- Forklar kva dei episke lovene i eventyra er.
- Kva er skilnaden mellom eit eventyr og ei segn?
- Kva kan segnene fortelje oss om si sam tid?