Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

I eit nøtteskal

I eit nøtteskal

Sidan 1800-talet har sakprosaen vore viktig i bygginga og utviklinga av det norske samfunnet. I aviser, tidsskrift og talar har alle dei store samfunnsspørsmåla vorte presenterte og drøfta. Ikkje sjeldan har debattane ført til endringar i livet vårt, gjennom vedtak av politiske organ eller fordi det har vorte formidla nye tankar som igjen har ført til at vi endrar åtferd. Sakprosaen har hatt ei viktig rolle som arena for den demokratiske utviklinga av landet.

Men til sakprosa høyrer også alle dei store og små tekstane som informerer om møte og konsertar, om sal på butikken og om korleis du set saman ei bokhylle. Sakprosaen hjelper oss til halde kvardagane våre saman.

Sakprosa er eit samleomgrep for tekstar som fortel om verkelegheita på eit eller anna vis. Det har vorte vanleg å dele han i to hovudgrupper: litterær sakprosa og funksjonell sakprosa. Ein forfattar av sakprosa nyttar dei same verkemidla som den skjønnlitterære forfattaren, men han eller ho skriv alltid om ein røyndom som finst, som ikkje er dikta opp. I dei siste åra har vi sett stadig fleire døme på at sjangergrensene blir utfordra, mellom anna ved at oppdikta element blir tekne inn i sakprosaen.

Har du forstått kapittelet?

1850–1900

  1. Kvifor er den litterære sakprosaen viktig i den politiske og den kulturelle utviklinga av Noreg i siste halvdel av 1800-talet?
  2. Kva var kjernen i Camilla Colletts essay og artiklar?
  3. Kvifor provoserte Aasmund Olavsson Vinje så mange av dei som hadde politisk og kulturell makt i Noreg?
  4. Kva likskapar ser du mellom arbeidsmåtane til Eilert Sundt og Ivar Aasen?

1900–1960

  1. Nemn årsaker til at sakprosaen styrkte stillinga si i denne perioden.
  2. Kva var Katti Anker Møllers hovudbodskapar i bøker og føredrag?
  3. Kva galdt «Helvetesdebatten»?
  4. Kva for fellestrekk gjer at vi kan kalle både Lise Lindbæk og Åse Gruda Skard for pionerar?

1960 til i dag

  1. Kva fellestrekk finn du ved dei tre nynorske essayistane Skjervheim, Hellesnes og Skirbekk?
  2. Kva var kjernen i Jens Bjørneboes essay og artiklar?
  3. Kvifor fekk Åsne Seierstad så mykje kritikk for Bokhandleren i Kabul?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn