Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
10

Fagbegrep

  • dobbeltkontrakt: forventning hos lesaren om at litteratur er både sann og usann, i grenselandet mellom fakta og fiksjon. Døme er Karl Ove Knausgårds Min kamp
  • funksjonell sakprosa: anonym sakprosa «utgitt» av institusjonar og bedrifter. Døme: vegskilt, brosjyrar, bruksrettleiingar, reklame-plakatar.
  • fiksjonskontrakt: forventning hos lesaren om at teksten er oppdikta, med ei handling som ikkje har skjedd i verkelegheita.
  • litterær sakprosa: tekstar som har namngjevne forfattarar, og som blir utgitt av forlag. Har litterære verkemiddel. Døme: essay, artiklar, kronikkar, fagbøker.
  • poetokrati: samfunn der forfattarar har stor innverknad på samfunnsliv og politikk. Bokstaveleg tyding: «forfattarstyre».
  • sakprosa: tekstar som handlar om verkelegheita. (Motsett: fiksjon, tekstar om oppdikta handlingar)
  • tonasjonslære: førestilling om at landsmålet (nynorsk) og dansk-norsk (bokmål) representerer to nasjonar som er i strid, ikkje kan bli samla til éin. Lansert av Arne Garborg i 1877.
  • verkelegeheitskontrakt: forventning hos lesaren om at teksten handlar om ein røyndom der opplysningane kan kontrollerast /etterprøvast. Gjeld for lesing av sakprosa.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn