Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
12

I eit nøtteskal

Etter unionsoppløysinga i 1814 blei språket raskt eit debattemne. Og nokså snart kom dei første freistnadene på å fornorske det danske skriftspråket. Både i tidsskriftet Saga og hos enkelte forfattarar blei norske ord tekne i bruk som erstatning for danske. I 1830-åra blei debatten hardare og motsetnadene tydelegare. Hovudlinjene i arbeidet med å skape eit norsk språk blir kalla reformlinja eller fornorskingslinja på den eine sida, og landsmålslinja på den andre. Knud Knudsen var hovudmannen på fornorskingssida, Ivar Aasen på landsmålssida. Mot begge desse stod dei som ville halde på dansk og det kulturelle sambandet med Danmark, med P.A. Munch som den viktigaste talsmannen.

Når språkdebatten på 1800-talet blei så hard, har det først og fremst samanheng med at spørsmålet om språk er meir enn eit språkspørsmål. Det handla også om makt, kultur, tradisjonar, verdiar og, ikkje minst, kjensler. For embetsmennene, som hadde vore elitegruppa i Noreg i fleire generasjonar, blei 1800-talet eit hundreår der makta deira både blei utfordra og redusert. Viktige steg på vegen mot meir norsk språk i samfunnslivet blei tekne i 1878, 1885 og 1892.

Har du forstått kapittelet?

  1. Skriv tre stikkord for språksituasjonen i Danmark-Noreg på 1700-talet som har betydning for språkdebattane på 1800-talet.
  2. Kva meiner vi med uttrykket «eit språkleg kuppforsøk i 1814»?
  3. Kvifor må vi ha med tidsskriftet Saga i eit oversyn over norsk språkhistorie på 1800-talet?
  4. Kva er hovudinnhaldet i usemja mellom Wergeland og Munch?
  5. Kva meiner vi med «danna daglegtale»? Kva var Knudsen sitt argument for å byggje fornorskinga av dansk på denne språkforma?
  6. Kva er hovudinnhaldet i det språkpolitiske programmet til Ivar Aasen?
  7. Kva meiner vi med at Aasen sitt arbeid kan delast i tre fasar?
  8. Kva betyr det at landsmålsarbeidet blir kalla eit motkulturelt prosjekt?
  9. Kva er P.A. Munch sine viktigaste argument for å halde på det danske skriftspråket?
  10. Kva felles trekk finn du mellom Knudsen og Aasen sine språk arbeid?
  11. Kva står desse årstala for i norsk språkhistorie: 1878, 1885, 1892?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn