KAPITTEL
2

Tøffare enn toget – quiz

1_2 Tekstfunksjonar_ny.jpg

Kva for tekstfunksjon er tydelegast i desse setningane? Den informative, ekspressive, estetiske eller appellative?

1. Toget frå Oslo S til Drammen går kl. 14.17 frå plattform 2.

2. Eg berre elskar å ta toget!

3. Tøff… tøff… tøff, tøff, tøfftøfftøfftøfftøff, fortare, fortare, fortarefortarefortarefortare.

4. Fleire burde ta toget! Du som elskar miljøet bør ta toget!

5. Å, berre toget ikkje er forsinka! Eg hatar det når toget er forsinka!

6. «Så møtte de kverandre i en sliten, rød kupé, og reiste enda lenger enn du kan med NSB» (Kari Bremnes: «Togsang»)

7. Kjære NSB! De har ansvaret for at toga i dette landet kjem fram til rett tid. De må ordne opp no!

8. Ordet «tog» kjem av det tyske ordet «Zug», som betyr «trekk».

9. Tog eller Zug! Det er vel totalt uinteressant. Eg vil at toget skal koma etter oppsett tidsplan!

10. Intercity-toget mellom Lillehammer og Skien består av to motorvognsett, type 74.

11. Nede på stasjonen, tidlig en morgen, står alle togene pent på rad. Mann’ på lok’motivet sveiver på et håndtak, tut, tut, tut, tut, toget går.

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn