KAPITTEL
6

I eit nøtteskal

I et nøtteskall

Ulike verkemiddel er viktige når du les og skriv tekstar. Verkemidla kan liggje i ulike delar av teksten, i oppbygginga, i grammatikken, i ordvalet, på setningsnivå eller i innhaldet i det som blir skrive. Som lesar er det di oppgåve å finne ut kva verkemiddel som er brukte, og kva effekt dei har. Som skribent er det di oppgåve å bruke dei verkemidla som er passande ut frå sjangeren og kva for mål du har med teksten din.

Oppbygginga av ein tekst vil variere ut frå sjanger og tekstfunksjon, men mange av måtane å komponere tekst på kan brukast både i skjønnlitteratur og sakprosa. Likevel har skjønnlitteraturen fleire ulike oppbyggingsmåtar å velje mellom. Også språklege verkemiddel kan brukast i skjønnlitteratur og sakprosa. Mange verkemiddel kan brukast i visuelle og samansette tekstar, slik som bilete og film. Tekstar som er appellative, estetiske og ekspressive, vil som regel bruke flest verkemiddel, mens reint informative tekstar bruker færre språklege verkemiddel.

Har du forstått kapittelet? Test deg selv:

  1. Skriv ein kort definisjon av dei verkemidla som er nemnde i dette kapitlet (side 156–173).
  2. Forklar forskjellen på ei samanlikning og ein metafor.
  3. Forklar forskjellen på ein metafor og eit symbol.
  4. Definer konnotasjon og denotasjon.
  5. Kva tyder det at eit verkemiddel har ein forsterkande effekt?
  6. Kva tyder det at eit verkemiddel viser ut over seg sjølv?
  7. Kva tyder det at eit verkemiddel har ein effekt slik at det pyntar språkleg på ein tekst?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn