KAPITTEL
7

I eit nøtteskal

1700-talet i Danmark-Noreg er prega av opplysningstid og klassisisme. Opplysningstid tyder at vitskapsmenn og forfattarar ønskjer å opplyse og lære opp folket. Dei ønskjer at folket skal ta steget vekk frå mørket av vankunne og overtru og inn i lyset frå kunnskap og fornuft. Fornuft er eit viktig stikkord, for ein meiner at dersom folk lyttar til fornufta, så vil dei komme fram til rett innsikt. Fornuft er også viktig innan kunsten, og klassisismen er den rådande stilretninga. Klassisistane har sine ideal i den antikke litteraturen og meiner at etterlikning av desse meistrane vil gi god kunst og litteratur. Originalitet er ikkje så viktig i kunsten i denne perioden. Ei viktig årsak til at litteraturen kan blomstre på denne tida, er at det på 1700-talet veks fram eit borgarleg publikum. På grunn av gode økonomiske tider veks det fram ein samfunnsklasse med kunnskap og utdanning som interesserer seg for både politikk, kunst og kultur.

Ludvig Holberg er det store namnet på 1700-talet. Han blei fødd i Noreg, men hadde sitt yrkesaktive liv og si kunstnarlege verksemd i København. I dag er han særleg kjend for komediane sine. På slutten av 1700-talet blir Norske Selskab danna. Det var ei samling av studentar og forfattarar som i ettertid mest blir hugsa for sine parodiar og patriotiske drikkeviser. Johan Nordahl Brun og Johan Herman Wessel er dei mest kjende forfattarane her.

Har du forstått kapittelet?

  1. Forklar med eigne ord kva for opplysning det er snakk om i opplysningstida.
  2. Kvifor får den vitskaplege revolusjonen innverknad på opplysningstida?
  3. Fornuft er eit viktig stikkord for perioden. Forklar kvifor.
  4. Kva for rolle spelar antikken i opplysningstida?
  5. Kva er Molière kjend for, og kvifor er han viktig i Danmark-Noreg på 1700-talet?
  6. Forklar kvifor vi diskuterer om Ludvig Holberg er dansk eller norsk!
  7. Kva er Ludvig Holberg sine viktigaste bidrag til litteraturhistoria?
  8. I dette kapittelet har du lese om (minst) to kjende litterære parodiar i norsk litteraturhistorie. Gjer greie for innhaldet i parodiane.
  9. Kva er Norske Selskab? Nemn to forfattarar og verk dei har skrive.
  10. På kva for måte skil Carl Michael Bellman seg frå dei litterære ideala i klassisismen og opplysningstida?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn