Nettressurs for 2. utgave av intertekst finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
8

I eit nøtteskal

I perioden frå tidleg 1700-tal til 1850 blir sakprosaen stadig viktigare og får stadig større rom i samfunnet. Holberg og Wergeland nytta sakprosasjangrar til kraftige åtak på krefter dei meinte var til hinder for framsteg og fridom for innbyggjarane i Danmark og Noreg. Samtidig argumenterte skribentar som Pontoppidan for verdiar og haldningar det etter kvart blei meir usemje om, knytte til kristen tru og moral. Schøning og Strøm er døme på forfattarar som nytta sakprosasjangrar for å formidle kunnskap om naturressursane Noreg hadde, og som kunne bli grunnlag for ei positiv samfunnsutvikling.

Utover på 1800-talet blir dei politiske og kulturelle motsetnadene i Noreg tydelegare, og ulike sakprosasjangrar blir kanalar og møtestader for viktige offentlege debattar.

Har du forstått kapittelet?

  1. Kvifor lèt vi norsk sakprosahistorie starte på 1700-talet, sjølv om vi finn mange saktekstar også før den tid?
  2. Kva for ei av dagens norske aviser er den eldste?
  3. Kvifor er Holbergs sakprosatekstar så viktige i dansk-norsk historie?
  4. Kva var hovudmålet for Wergelands opplysningsarbeid?
  5. Kva betyr «borgarleg offentlegheit»?

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn