Fagbegrep
- domene: eit område i samfunnslivet, som høgare utdanning, populærkulturen osv.
- fornorsking: 1) prosess for å gjere dansken meir norsk 2) å bruke norsk skrivemåte for engelske ord (røff osv.)
- jamstelling: likestilling av nynorsk og bokmål (Stortingsvedtak i 1885)
- konservativt språk: språk med gamle skrivemåtar og bøyingsmåtar, prega av dansk tradisjon
- landsmål: namnet på nynorsk før 1929
- målform: språkform, dvs. nynorsk eller bokmål
- målreising: kamp for å heve («reise») statusen til eit undertrykt språk (f.eks. nynorsken eller dialektane)
- radikalt språk: språk med nye skrivemåtar og bøyingsmåtar, prega av fornorsking
- rettskrivingsreform: vedtak om ny skrivemåte eller bøyingsmåte
- riksmål: namnet på bokmål før 1929. Også brukt om konservativt bokmål i dag
- samnorsk: forsøk på å samle nynorsk og bokmål til eitt språk
- sideformer/klammeformer: ord og bøyingar det var lov å skrive for folk flest, men ikkje i lærebøker eller i offentleg språkbruk